Ord over grind
Du går fram til mi inste grind,
Eg går fram til di.
Innanfor er kvar av oss einsam,
Og det skal vi alltid bli
Aldri trenge seg lenger fram,
Var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
Var møtet tillit og ro
Står du der ikkje ein dag eg kjem
Felle det meg lett å snu
Når eg har stått litt og sett mot huset
Og tenkt på at der bur du.
Så lenge veit eg du vil koma i blant
Som no over knastande grus
Og smile glad når du ser meg stå her,
Skal eg ha ein heim i mitt hus.
Halldis Moren Vesaas
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar